Havyard Ship Technology har alt tre ferjer under bygging verftet i Leirvik i Sogn og tek med denne total leveransen verkeleg steget inn i transportmarknaden og ikkje minst vert konsernet ein leiande leverandør av elektriske ferjer.
- Vi har drage nytte av den samla kompetansen vi har som maritimt teknologikonsern der alle disiplinar har vore involverte i samarbeid mellom forretningsområda Design & Solutions, Ship Technology og Power & Systems. Dette har vore avgjerande for at vi kunne tilby ei totalløysing som innfridde dei svært strenge miljøkrava til desse ferjene, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.
Han er glad for at Havyard bidreg og tek del i den grøne revolusjonen innan dette feltet.
- Med desse ferjene tek vi i bruk mulegheitene som ligg i digitalisering og gir både oss og Fjord1 eit solid fotfeste i framtida og den fjerde industrielle revolusjonen.
Havyard Design & Solutions har ein virtuell modelltank der ein har køyrt kontinuerlege datasimuleringar på skrogutforming, og der det er testa hundrevis av forskjellige skroglinjer for å optimalisere energiforbruket i desse sambanda.
- Og vi kan no levere ei ferje som går på batteri heile overfartstida.
Havyard har brei kompetanse samla frå utvikling og bygging av skip til bruk i offshore, havvindindustri, fiskeri og havbruk. I dette arbeidet har ein også brukt big data knytt til energiforbruk, sjøeigenskapar, vind, straum og bølger. Det er erfaring ein har drege direkte nytte av i arbeidet med batteriferjene.
Leiar for FoU-arbeidet i Havyard, Kristian Voksøy Steinsvik, fortel at Havyard har bygd opp datamodellar for desse spesifikke ferjesambanda der ein ser på dei ulike fasane av overfarta og også kombinere det med ulike vêrdata.
- Miljøkrava til dei heilelektriske ferjene gjorde at vi måtte gå ekstremt til verks for å spare energi. Då kunne vi bruke dei verktøya vi har utvikla over tid og brukt i andre segment. Med desse verktøya får vi gjort detaljerte og pålitelege berekningar med mange variasjonar, og no fekk vi belønning for at det ikkje er nytt for oss å vere involverte i designprosessar med strenge miljøkrav.
Alt utstyr på batteri
Tre av ferjene skal inn på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven, begge strekningane i Møre og Romsdal. Ferjene er 111 meter lange og skal ta 120 bilar.
I arbeidet med utviklinga av ferjene tek ein også steg i retning av autonome fartøy. Mellom anna blir dataverktøy brukt til å drive ferjene på mest muleg energieffektiv måte uavhengig av kven som er på brua.
Alt utstyr på ferjene er lagt opp til å gå på batteri, samtidig er det full backup med dieseldrift ved lengre straumstans.
Havyard Design & Solutions leverer design og engineering, Havyard Ship Technology skal bygge ferjene medan Power & Systems leverer hybrid framdriftssystem, bruløysingar og automasjon, batterisystem, laddesystem og elektriske system.
- Havyard har dermed totalpakken som skal sørge for sikker og optimal operasjon av ferjene både til effektiv framdrift, lading, handtering og navigering, seier EVP Power & Systems, Tor Leif Mongstad.
Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier det var tøff konkurranse om desse kontraktane, men at det til slutt vart Havyard Group sin kvalitet, sine leveringstider – og som alltid pris, som var utslagsgivande.